Oppfølgingskveld: driftsstøtteordning

UngOrg opnar UngInfo-senteret for dei som ynskjer å søke på driftsstøtteordninga

I løpet av kvelden kan organisasjonar kome innom for å søke om støtte frå Oslo kommune, og få ein-til-ein oppfølging frå UngOrg i prosessen.

Det er ikkje lagt opp til noko spesifikk kursing, men eit høve til å bruke datamaskinene på senteret til å legge inn ein søknad og eventuelt få nokre siste tips frå UngOrg.

Ved lav påmelding kan det vere at oppfølgingskvelden blir avlyst, men i så tilfelle vil organisasjonsrådgjevar i UngOrg følge opp organisasjonane som er meldt på enkeltvis. Det er med andre ord lurt å melde seg på uansett, slik at ein kan få tilbod om støtte.

Tid: Onsdag 4. oktober, klokka 18.00-20.00
Stad: UngInfo-senteret (Møllergata 3)

Påmelding:

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden