Kurs: Sosiale medier

Sosiale medier er ein stor del av kvardagen til dei fleste organisasjonar, og på dette kurset får du ei god innføring i korleis ein kan gjere ein betre jobb i SoMe

Facebook, twitter, instagram, snapchat… SoMe er overalt, særleg i ungdomsorganisasjonar. Likevel er det kanskje ikkje alle som føler dei har full kontroll, eller kanskje kan tenke seg å bli endå betre enn det dei allereie er. I så fall er dette kurset midt i blinken!

Kurshaldar er Guri Barka Martins. Guri er Grønn Ungdom sin koordinator i sosiale medier, og har god erfaring med å nytte sosiale medier på vegne av ein organisasjon. I løpet av kurset vil å snakke om gode måtar å bruke sosiale medier på for å fremje organisasjonen sin, korleis ein får merksemd via SoMe og sjå litt på kva feller ein bør unngå. I tillegg tek kurshaldaren høgde for forventningane til dei som deltek på kurset, og kjem til å prøve å svare på alle spørsmål som måtte komme.

Tid: 18. oktober, 18.00-20.00
Stad: UngInfo-senteret, Møllergata 3

Påmelding:

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden