Kurs: driftsstøtteordninga til Oslo kommune

Driftsstøtteordninga til Oslo kommune er ei god og viktig støtteordning for organisasjonar i Oslo, men ved første augekast kan den sjå litt komplisert ut. UngOrg arrangerar difor eit kurs for dei som ynskjer å setje seg litt meir inn i korleis det fungerar.

På kurset kjem vi til å sjå på krava som må oppfyllast for at ein organiasjon kan motta driftsstøtte eller etableringstøtte frå Oslo kommune. I tillegg til ein grundig gjennomgang av krava kjem vi til å gå stegvis inn på søkandsprosessen – kva dokument må de ha klare på førehand, kva informasjon er det viktig å få fram og korleis fyller ein inn søknaden reint praktisk.

Tid: 26. september, 18.00-20.00
Stad: UngInfo-senteret (Møllergata 3)

P.S. I tillegg til kurset kjem UngOrg til å tilby ein oppfølgingskveld for dei som er interessert, som du kan lese meir om her.

Påmelding i skjemaet:

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden