Bli med på Ny Debatt hausten 2017

NY DEBATT FOR HAUSTEN 2017 ER NO FULLT. Dersom de likevel har interesse for å arrangere debatt er det berre å gje beskjed, så kan det bli aktuelt på våren 2018.

Datoar for hausten 2017:
Ny Debatt skjer om lag ein torsdag i månaden. For hausten 2017 har vi følgjande datoar:

Torsdag 24. august OPPTATT
Torsdag 14. september OPPTATT
Torsdag 26. oktober OPPTATT
Torsdag 23. november OPPTATT

Tidspunktet for Ny Debatt er klokka 19.00-20.00

Korleis gå fram for å halde debatt:
Dersom de er interessert i å arrangere debatt er det berre å sende ein epost til tor@ungorg.no før 1. juni der de seier kva dato de vil ha og kva tema de ynskjer å ha på debatten. Dersom de vil halde debatt men er usikre på tema er det berre å ta kontakt, så kan vi i UngOrg gjerne bidra med tankar og idear om spanande tema som passar din organisasjon!

Dersom de får beskjed om at de kan halde debatt er det neste steget å skrive ein kort tekst med frist 8. juni som forklarar kva temaet for debatten er, og kva spørsmål de kjem til å løfte fram. Dette er teksten som kjem til å bli lagt ut i programmet til Litteraturhuset og på eventen på Facebook. For å sørge for at teksten er best mogleg har Litteraturhuset forbeholdt retten til å gjere justeringar på teksten de sender inn før dei publiserar den. Teksten skal vere på maksimalt 500 teikn (inkludert mellomrom). Eit døme på tekst kan du finne her

Deretter er det berre å starte arbeidet med å finne panel og ordstyrar. Dette er organisasjonen sitt ansvar, men vi i UngOrg kan sjølvsagt kome med tips og råd i prosessen. Fristen for å ha klart eit panel og ein ordstyrar er ei veke før debatten.

Under sjølve debatten kjem både UngOrg og ein vert frå Litteraturhuset til å vere der for å sørge for at alt det praktiske er under kontroll. Arrangørorganisasjonen har ansvaret for at panelet kjem i tide og er klare til debatt når klokkeslettet er der.

Kven får arrangere?
Vi har i utgangspunktet eit “førstemann til mølla”-prinsipp. Det vil seie at dei første som melder interesse vanlegvis får halde debatt. Sjølv om det er førstemann til mølla vil èin prioritere organisasjonar som aldri har holdt Ny Debatt før, og prøve å setje saman litt varierte tema på dei ulike Ny Debatt-arrangementa. 

Etter debatten
Organisasjonar som arrangerar Ny Debatt får òg høve til å låne Kjelleren gratis til eit eige arrangement i løpet av seks månadar etter at dei arrangerte Ny Debatt. Det einaste kravet som er stilt til dette er at det er eit opent arrangement for alle som vil. Ein kan med andre ord arrangere endå ein debatt, eller kanskje ei sofasamtale om spanande tema?

Ei kjempeerfaring!
Dette er ein kjempesjanse for organisasjonen din til å promotere seg sjølv og tema som organisasjonen er oppteken av for eit ungt og engasjert publikum på Litteraturhuset. Vi i UngOrg er tilgjengelig gjennom heile prosessen til å svare på spørsmål eller kome med tips, som betyr at dette er ein trygg og god måte å arrangere debatt på!

Kort oppsummert:
TA KONTAKT MED TOR@UNGORG.NO, FØRSTEMANN TIL MØLLA!

 

 

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden