Styrekurs

Å ta på seg eit verv i ein frivillig organisasjon betyr at ein tek på seg eit ansvar - men kva er det eigentleg det inneber? Korleis kan du best oppfylle di rolle i eit styre, og korleis bør styret gå fram for å fungere best mogleg saman? Dette er spørsmål som ein kjem til å ta opp i løpet av UngOrg sitt styrekurs.

UngOrg arrangerer styrekurs for dei som er nye i styret, eller som ønsker å bli betre på å skape eit velfungerande styre på best mogleg måte. Sjølv om alle styrer er forskjellige er det mange felles metodar for å organisere, drifte og motivere eit styre til å gjere ein endå betre innsats enn dei allereie gjer. Ved å bli betre på dette kan vi bidra til å skape ein betre organisasjon.

Kurshaldaren er Magnar Müller, som har lang erfaring innanfor frivillig styrearbeid. Han har mellom anna vore sentralstyremedlem i Elevorganisasjonen, leiar i Fantasiforbundet og styreleiar i UngOrg. I skrivande stund jobbar Magnar i Alibier, som tidligare har holdt lobbykurs for UngOrg.

Magnar kjem til å fokusere på
– Korleis ein fordeler arbeidsoppgåver slik at ein får gjort så mykje som mogleg
– Korleis ein prioriterar ressursar så dei strekk til
– Korleis ein inkluderar heile styret i beslutningar på ein måte som hindrar konflikter

Ta ansvar som leiar og ta med deg resten av styret på kurs – her har alle noko å lære!

Tid: tysdag 9. mai, 18.00-20.00
Stad: UngInfo-senteret, Møllergata 3

 

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden