Søk midlar til Europeisk Ungdomsuke

Frå 1. - 7. mai 2017 markerast Eurpeisk Ungdomsuke over heile Europa. Kvifor ikkje nytte høvet til å søke pengar til eit kult ungdomsarrangement? Søknadsfristen er 20. mars., men du kan søke om midlar i etterkant av fristen òg, dersom det er noko att.

Det er berre fantasien som set grenser for kva de kan få til med inntil 30.000. Her er det mykje potensiale til å få til ei kjempegod markering for ungdom i Oslo.

På sidene til Aktiv Ungdom finn du meir informasjon, som til dømes forklarar kva du kan få støtte til:

“Du kan sjølv velge form på aktiviteten. Nokre dømer:

  • Informasjonsmøte/samling
  • Foredrag/aktivitet på skule
  • Seminar
  • Debattar
  • Kulturelle arrangement
  • Stand
  • Workshops og kurs
  • Flash mob, og mykje mer!”

Gå inn her for å lese meir om korleis du skal gå fram for å få midlar.

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden