Lobbykurs

Torsdag 6. april inviterer UngOrg til lobbykurs i Storgata 5. Kurset har ein annleis og kreativ vri når det gjeld å lære vekk lobbyarbeid.

Vi trur dette kan vere eit nyttig kurs for alle våre medlemsorganisasjonar, anten ein har null, lite eller mykje erfaring med lobbyarbeid.

Om kurset: 
Eit av dei viktigaste reiskapane for å få gjennomslag politisk er å ha direkte møter med enkeltpolitikarar – såkalla lobbyvirksomhet. Mange, særleg unge, er usikre på korleis ein skal gå fram.

Gjennom rollespel får deltakarane innblikk i ein politisk påvirkningsprosess. Rollespelet baserar seg på saker i ein fiktiv kommune. Deltakarane får lære korleis ein kan kontakte beslutningstakarar, og fremje eigen sak på ein tydeleg måte. Aktiv deltaking gjev ei djupare innsikt og forståing for korleis lobbyisme verkar. Erfaringa gjev òg lavare terskel for å nytte denne form for politisk påvirkning og gjere ungdommen si stemme høyrd.

Kurset, som du kan lese meir om her, blir holdt av Alibier AS, som du kan lese meir om her. Fagansvarleg for kurset er Martin Nielsen, som har ei mastergrad i Statsvitenskap frå UiO. Han har i tillegg til å jobbe profesjonelt med formidlingsrollespel mange års erfaring med både interessepolitisk arbeid og ungdomsarbeid mellom anna gjennom å ha vore leiar av Elevorganisasjonen og dagleg leiar i UngOrg.

 

Tid: torsdag 6. april klokka 18.00
Stad: Øvre Slottsgate 2B (Frivillighet Norge sine lokalar)

Påmelding: 

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden