Kurs i debatteknikk

Tysdag 7. mars klokka 18.00 arrangerer UngOrg kurs i debatteknikk her på UngInfo-senteret.

Kva skal til for å arrangere ein god debatt? Kvar bør ein starte, kva må ein hugse, og kva bør ein unngå?Korleis held ein styr på eit debattpanel? På dette kurset får du ei god innføring i både planlegging og gjennomføring av debatt, både gjennom teori og praksis, og får svar på dei spørsmåla du har om temaet.

Kurshaldar er Hanne Linn Skogvang, som har jobba med gjennomføring av arrangement og særleg debattar i fleire organisasjonar. Ho har vore redaktør i Onsdagsdebatten i Kulturutvalget og leiar i same organisasjon; leiar i Fagutvalget for religionshistorie og ansatt i Frivillighet Norge. Ho er i dag redaksjonsmedlem og debattredaktør i det feministiske Tidsskriftet Fett.

Tid: tysdag 7. mars, klokka 18.00
Stad: UngInfo-senteret

Påmelding:

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden