UngOrgs Curlingturnering

Søndag 12. februar er det klart for UngOrg si årlege curlingturnering - og den er det verdt å få med seg!

Det er kanskje ikkje så ofte du dreg for å spele litt curling? Då var det flaks for deg at UngOrg gjev deg sjansen til å spele det saman med ei rekke andre engasjerte, kjekke ungdommar.

Søndag 12. februar arrangerer vi nemleg curlingturnering for alle våre medlemsorganisasjonar. Dette er ein kjempegod sjanse til å prøve noko nytt (eller kanskje vise deg fram, dersom du har spelt mykje curling før) og møte ungdommar frå andre organisasjonar.

Eit curlinglag består av fire personar, men dersom nokre organisasjonar stiller med fleire eller færre personar så lagar vi til nokre blanda lag. Med oss får vi gode instruktørar, så du treng ikkje å ha nokon form for kunnskap på førehand. Dette blir berre moro!

Opplegget er sjølvsagt heilt gratis, og etter at vi har curla ferdig avsluttar vi med god mat.

Tid: Søndag 12. februar klokka 14.00
Stad: Snarøya Curlinghall (Langoddveien 6, 1367 Snarøya).
Buss 31 går til stoppet “Langoddveien,” som er like ved Curlinghallen.
Meir informasjon om avreise kjem til dei påmelde når vi nærmar oss

Påmeldingsfrist: 1. februar.
Sidan vi må vite kor mange baner og kor mykje mat vi skal bestille, er påmelding bindande.

 

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden