Erasmus+: Aktiv Ungdom – om støtteordningar

DETTE ARRANGEMENTET ER AVLYST GRUNNA LAV PÅMELDING. FOR SPØRSMÅL TA KONTAKT MED ORGANISASJONSRÅDGJEVAR PÅ TOR@UNGORG.NO

UngOrg har invitert Erasmus+: Aktiv Ungdom for å kome og snakke litt om dei ulike støtteordningane og prosjektmidlane som dei administrerar. Her kan du lære om mange spanande måtar å utvikle organisasjonen sin på, både nasjonalt og gjennom europeisk samarbeid.

I starten av samlinga vil UngOrg gå gjennom litt ulike typar støtteordningar, og snakke om korleis ein kan gå fram for å finne midlar til å gjennomføre prosjekt og andre aktivitetar.

Deretter tek Erasmus+: Aktiv Ungdom over, og gjennom deira presentasjon av dei ulike prosjekttypane dei har får du eit godt innblikk i kva moglegheiter som eksisterar. I tillegg får du sjansen til å snakke direkte med dei som har oversikt, og kan lufte idear og tankar om prosjekt du vil starte for å sjå om det er mogleg å finne midlar til dette gjennom Erasmus+: Aktiv Ungdom, eller om vi saman kan finne andre løysingar.

Om Erasmus+: Aktiv Ungdom:
Erasmus+: Aktiv Ungdom støtter prosjekter med ungdom (13-30) og de som jobber med ungdom: frivillig arbeid, ungdomsutveksling, ungdomspolitiske møter, kurs, hospitering, strategiske partnerskap mellom organisasjoner og transnasjonale ungdomsinitiativ.

I tillegg tilbyr Aktiv Ungdom en rekke kurs for ungdomsarbeidere. Man kan i hovedsak samarbeide med organisasjoner fra Europa og naboregionene.

I 2017 har Aktiv Ungdom i Norge ca. 30 millioner kroner (€3,3 mill) til fordeling til prosjekter på ungdomsfeltet.

Tid: onsdag 15. februar klokka 18.00
Stad: UngInfo-senteret, Møllergata 3

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden