Barn i fokus

Torsdag 12. januar inviterer UngOrg til samling for medlemsorganisasjonar retta mot barn. Dette er ein god sjanse til å treffe andre organisasjonar for å utveksle erfaringar og bygge nettverk.

Målet med samlinga er å la organisasjonane bli betre kjende med kvarandre, diskutere utfordringar ein møter, lære av kvarandre og kanskje sjå moglegheiter til framtidig samarbeid.

På samlinga kjem Håvard Skjerdal, som er prosjektkoordinator for AlleMed-prosjektet. Han skal snakke litt om prosjektet, som rettar fokus på inkluderingsarbeid i barne- og ungdomsorganisasjonar. Her kan ein få nyttige verktøy som ein kan bruke for å bli endå betre på inkludering i eigen organisasjon.

Etter ein workshop om AlleMed vil samlinga fokusere på kva utfordringar organisasjonene møter i kvardagen. Kvar er det skoen trykker? Kanskje har andre organisasjonar støtt på liknande problem, og har funne gode løysingar? Kanskje ein kan gå saman for å løyse felles utfordringar?

Vi i UngOrg vil gjerne gjere det vi kan for å støtte og legge til rette for våre medlemsorganisasjonar. På slutten av samlinga vil vi difor diskutere om dette var eit forum som var nyttig, og om det er noko organisasjonane ynskjer at UngOrg arrangerer fleire gongar.

Vi ser fram til samling, og håpar mange kan stille.

Tid: torsdag 12. januar, 13.00 – ca. 14.30
Stad: Framfylkingen – Youngsgate 11, 0181 Oslo.

Påmelding finn de under:

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden