Nettverssamling om medlemspleie

Å halde på engasjerte medlemmar er kanskje ein av dei største utfordringane i frivilligheten - torsdag 19. januar kan du lære mykje om korleis ein kan få til nettopp dette.

På samlinga kjem vil til å snakke meir om korleis ein kan ta imot nye medlemmar, og korleis ein kan sørge for at engasjerte medlemmar ikkje forsvinn ut av organisasjonen. Dette er utfordringar alle organisasjonar har, og vi trur difor det er svært nyttig å samlast for å diskutere sine erfaringar med andre organisasjonar. Det er nok mange gode løysingar og idear i andre organisasjonar som kan kome din eigen organisasjon til nytte.

For å legge til rette for samlinga kjem Markus Rotevatn frå LNU. Markus har lang erfaring med frivillig arbeid, og har mellom anna vore leiar i Changamaker før han starta i LNU. Dette er med andre ord ein kjempesjanse til å lufte tankar og problem kring medlemspleie, og kanskje få nokre veldig gode tips til korleis din organisasjon kan gjere dette arbeidet på ein betre måte.

Tid: torsdag 19. januar, klokka 18.00
Stad: UngInfo-senteret

Påmelding: 

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden