Super organisasjonskultur i Oslo KrFU

I Oslo KrFU er dei rause med kvarandre, og har ein lav terskel for å vere med. Med ambisjonar om å få fleire medlemmar blir det spanande å følge medlemsorganisasjonen vår vidare, og vi tok ein prat med leiar Kristofer Olai Ravn Stavseng for å lære meir

Fortell kort om organisasjonen:
Vi er Oslo KrFU, og fungerer både som fylkeslag og lokallag for alle medlemer i hovudstaden. Vi har omlag 150 medlemer, og har sjølvsagt mål om å bli endå fleire.

Kva skjer i Oslo KrFU akkurat no?
Helga 5.-6. november arrangerte vi Austlandskonferansen i samarbeid med dei hine fylkeslaga til KrFU på Austlandet. Konferansen var her i Oslo, og vi lærte mykje interessant om alt frå det amerikansk valet til norsk språkpolitikk. Neste arrangement for vår del blir mest sannsynleg Ny Debatt i samarbeid med UngOrg og Litteraturhuset. Vi vil ta opp spørsmålet om synleggjering av religion i samfunnet. Det trur eg kan bli veldig spennande.

Kva er det aller beste med organisasjonen?
Det er aller beste med Oslo KrFU er at vi er at vi har ein så super organisasjonskultur. Vi kan vere usamde i enkelte politiske spørsmål, men vi er alltid rause med kvarandre, og har det i det heile tatt gøy saman når vi arbeider.

Kva er dykkar tips til engasjerte ungdommar?
Vårt tips til engasjerte ungdommar er å prøve ulike organisasjonar, slik at ein har best mogleg grunnlag for å finne den saka ein brenn mest for. I tillegg er det ein styrke å ta med seg kompetanse frå fleire organisasjonar. Det viktiaste er at du gjer noko som kan bety noko for andre — i tillegg til deg sjølv!


Les meir om Oslo KrFU på heimsidene deira eller på facebook

Bilete: Ola Stavseng

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden