Å gjere ein verkeleg skilnad

Senterungdommen i Oslo er i gang med oppvarminga til neste års valkamp, og vi tok ein prat med leiaren, Torbjørn Bergwits Lauen, for å høyre kva som rører seg i lokallaget

Fortell kort om organisasjonen

Oslo Senterungdom er eit fylkeslag av Senterungdomen, som er Senterpartiets ungdomsorganisasjon. Senterungdomen er det grøne valet i høgre-venstre aksen i norsk politikk kor du finn oss i sentrum. Politikk er ikkje svart eller kvitt, og me ser saken frå fleire sider.

Kva driv de med akkurat no?

Den siste tida har me hatt mykje fokus på landsmøtet i Senterungdomen som går av stabelen 4-6 november, særleg arbeid med stortingsvalsprogrammet til Senterungdomen og Senterpartiet har stått i fokus. Over nyttår blir det fokus på skulering og oppvarming til valkampen som er neste haust.

Kva er det aller beste med organisasjonen?

Å få diskutere og utarbeide politikk saman med meiningsfellar! Ein får høve til å vere med å utvikle politikk, og jobbe med den med mål om å få den omsett som politiske vedtak på Stortinget. Kor kjekt er det ikkje å faktisk kunne vere med å gjere ein verkeleg skilnad i kvardagen din!?

Kva er dykkar tips til engasjerte ungdommar?

Om ein er engasjert i noko vil eg oppmode dei til å bli med i ein, eller fleire, organisasjonar som driv med det du er engasjert i. Ta del i organisasjonsdemokratiet og utnytt alle dei flotte moglegheitene som finnast!


Les meir om Oslo Senterungdom på heimesidene deira, eller på facebook

Tilbake til toppen

Send oss ditt spørsmål

Print ut denne siden